Trea våre er viktige

Eit tre er så mykje meir enn det vi opplever når vi går forbi det. Trea har eit eige liv som mange av oss ikkje veit så mykje om. For klima er trea viktige. Vi seier at skogen er verdas lunger. Utan trea blir det vanskeleg å pust for alt levande. Det er så ufatteleg mange kule tre i verda. Tre er levande vesen som vi har levd saman med i uminneleg tid. Tre er forskjellige, slik som vi er det. Somme ser snille og trygge ut. Dei gir oss vern og skugge. Andre kan sjå nifse og trugande ut med greiner som strekker seg etter oss. Tre lever lenge. Dei stod her då vi kom til verda og står her når vi er borte.