Drømmen om Amerika

I siste nummer av Norsk Barneblad ser vi litt på USA, eller Amerika, som vi også seier. Vi nordmenn har eit nært forhold til USA, sjølv om det ligg eit godt stykke unna oss. Mange av oss har slektningar der. For meir enn 100 år sidan flytta nesten 800 tusen nordmenn til USA og starta liva sine på nytt. 

Mange ting vi brukar til dagleg, har vi fått frå USA. Vi deler mykje av den same kulturen, sjølv om ikkje alt er likt. Vi ser på amerikanske filmar, høyrer på amerikansk musikk, medan vi tygg tyggegummi, drikk Coca Cola og sit i joggedressen vår og drar i lissene på basketskorne våre. Då er vi faktisk svært så amerikanske. 

USA er viktig for heile verda fordi det er eit stort og rikt land. Dette gjer at USA har mykje makt. USA er ei økonomisk supermakt – den største økonomien i heile verda. Kina er nummer to. Donald Trump er ny president i USA, og mange er spente på korleis det går. Sjølv om presidenten i USA er rekna for å vere den mektigaste personen i verda, så kan han ikkje bestemme aleine eller gjere som han vil. Han må ha kongressen med seg før han kan gjere noko, så vi trur ikkje det er fare for verdskrig eller anna som er farleg for oss. Kongressen er litt som Stortinget. Men om alle amerikanarane som stemte på Trump, får eit betre liv, slik han har lova dei, det vil berre framtida vise. 

Les meir i siste nummer av Norsk Barneblad!