17. mai - ein viktig dag!

Mange av oss kjenner at 17. mai i år blir endå viktigare enn før. Anders Behring Breivik har gjort denne dagen viktigare enn nokon gong før. Han har fylt dagen med innhald. Han gjekk til åtak på alt det beste vårt demokrati står for, samhald og fred, uavhengig av rase og tru. 17. mai er dagen då vi skal vise at vi står saman om desse verdiane. NRK har spurt eit representativt utval av det norske folket om 17. mai iår blir ekstra spesiell som ein følgje av det som hendte 22. juli i fjor. Av dei 1000 personane som vart spurt svarar heile 30 % av 17. mai vil bety meir for dei i år. Og av dei yngste som blei spurt svara heile 40 % at 17. mai vil bety meir for dei i år. Vi i Norsk Barneblad er også blant dei som meinar at 17. mai er viktigare enn på lenge. Det norske samhaldet er svært viktig og 17. mai er dagen vi skal vise at vi står saman om Grunnlova og menneskerettane. God 17. mai!

Norsk Barneblad for engasjerte barn - på nynorsk!