50 milliardar insekt døyr i trafikken!

Berre i sommar døydde 50 milliardar insekt i trafikken. Kvar personbil tek livet av om lag 6000 insekt i løpet av ein sommar.  Entomolog

Vi har om lag 23 000 registrerte insektartar her i landet. Truleg har vi ein del til som vi enno ikkje veit om. Ja, sjølv i våre dagar er det mange insekt som enno ikkje er oppdaga og har fått namn. Entomolog heiter ein insektforskar på fint.  

Insektforskarane trur at varm asfalt er tiltrekkjande på mange insekt. Det gjer at det ikkje blir drepe så mange ved grusvegar som på asfaltvegane.  

 

Eit dødeleg mistak

Nattsvermarar og andre som likar seg best om natta, er tiltrekte av lys. Dei tek frykteleg feil av gatelys og lys frå bilane, som dei trur er månelyset. Eit dødeleg mistak for mange av dei. 

 

Tung i snuen

Likevel er det dagsommarfuglar, humler, kveps, tordivlar, trebukkar og marihøner som oftast klaskar i frontruta. Dei er store og tunge og kan ikkje så lett svinge unna plutselege hinder. Og boom, så er det over.  

 

Bussar og lastebilar drep flest

Vi har over 2 millionar personbilar her i landet. Dei tek livet av noko slikt som 12 milliardar insekt. Og dei 414 000 bussane og lastebilane drep rundt 36 milliardar insekt i løpet av ein sommar.  

Ikkje så lett å vere liten, altså.

 

Norsk Barneblad for smarte barn - på nynorsk!

DyrNanabarn, dyr, Norsk Barneblad, nynorsk