Anette Sagen - først i bakken!

Vi gratulerer  Anette Sagen som førstehoppar i "nye" Holmenkollbakken. Ho skal hoppe som den første og etter henne kjem 19 menn. Og slik måtte det jo bli. Det var eit folkekrav av Anette skulle få vere den første til å prøve bakken offisielt. Ei eiga gruppe på Facebook med tusentals medlemmer har sagt sitt. Ja, i alle avstemmingar på nettet har ho heile tida hatt flest stemmer anten det var på heimesidene til Aftenposten, VG eller Nettavisa.

Norsk Barneblad gratulerer den tøffe dama og gler oss til å sjå ho sveve ned Holmenkollen. Det har ho fortent. Ingen har gjort meir for jentehopping enn Anette Sagen.

Norsk Barneblad for glade og opplyste barn - på nynorsk!