Betre enn potetgull!

Ta fram 10–12 poteter. Skrubb potetene, skrell dei om dei er stygge. Legg eit bakepapir på steikjebrettet eller stryk matolje på brettet. Skjer så potetene i tjukke skiver og legg dei utover brettet. Skvett to–tre skeier olivenolje eller anna matolje over, så litt salt og pepar, gjerne frå ei peparkvern. Steik dei øvst i steikjeomnen på 200 grader til potetene eser opp og er litt brune oppå. Legg dei på eit fat og et! Du kan også steike desse potetene med litt tomatsaus over.

Norsk Barneblad for matglade barn - på nynorsk!