Bli ein supersprek gamling!

Svensk forskning syner at dei som er aktive på langrenn gjennom eit langt liv er mykje sprekare som gamle enn dei som ikkje går på ski. Svenske forskarar har testa menn som er 80 år i snitt og samanlikna dei med menn på 40 til 50 år som ikkje har vore aktive på ski. Dei gamle skiløparane har eit oksygenopptak på rundt 2,6 liter per minutt. 40 og 50 åringane låg på rundt 1, 6 liter per minutt. Det betyr at 80åringane er sprekare enn ein utrent mann på 40 til 50 år. Ojsan. Musklane til desse skigåande 80åringane er også svært så ungdommelege.

Men du skal gå mykje og langt på ski for å bli sprek som 80åring. Likevel er det berre ein ting å seie - på med skia når vinteren kjem. I det lange løp vil det lønne seg.

Norsk Barneblad for glade og opplyste barn - på nynorsk!