Bli smart!

Globalis - lærerikt verdskart på nettet Kor mange fattige finst det rundt om i verda? Kor mange kan ikkje lesa? Kor mange brukar prevensjon, og kor mange har mobilabonnement? Med nokre få tastetrykk på PC-en kan du få mykje kunnskap om kloden vi bur på.

Klikkar du deg inn på www.globalis.no, kjem du inn på verdsatlaset Globalis. Her kan du med lette museklikk få fram fargerike kart om korleis situasjonen er rundt om i verda på ulike område. Det interaktive kartet er spesielt tilrettelagt for ungdom. Kartet er til dømes eit supert oppslagsverk dersom du skal skriva ei prosjektoppgåve på skulen. Men det er også mykje interessant informasjon for deg som berre er nyfiken og har lyst på ein tur rundt om på kloden. God reise!

Norsk Barneblad for nysgjerrige barn - på nynorsk!