Brødristar eller hai?

Kva trur du er mest farleg? Ein hai eller ein brødristar? I 2009 omkom 791 personar i USA av brødristarar, medan 9 personar blei drept av hai det same året. Men kva er vi mest redde for? Haien så klart... Men vi burde altså vere reddare for å bruke brødristaren vår enn for at det skal bli ein haisommar. Men det er vi jo ikkje. Og kva er poenget mitt med dette? Berre å minne deg om at ting ikkje alltid er slik du automatisk tenker og trur... Brødristar eller hai altså!