By eller bygd?

Halvparten av alle som bur på jorda, bur i ein by. Her i Europa og i Nord-Amerika bur meir enn 70 % av oss i byar. I 2050 vil truleg 70 % av alle som bur på jorda, bu i byar. Og det trass i at byane berre okkuperer 3 % av plassen på jorda. Byane i den tredje verda veks mest og raskast. Årsaka til dette er at alle dei unge menneska som bur i byane, får barn og blir fleire, men også at mange flyttar frå landsbygda til byane i håp om eit betre liv. I dag bur meir enn 1 milliard menneske i slumområde rundt dei store byane. Dette problemet berre veks og veks kvar dag. Men ikkje alle meiner at det er berre negativt at folk buset seg i byar. Mange meiner at byane er bra for økonomisk vekst, for betre miljøvern og betre vilkår for folk flest. Det betyr også at det lettare kan bli fred i verda, og det betyr betre og fleire demokratiske rettar for folk flest. Men då må synet på byveksten eller urbaniseringa bli meir optimistisk og positivt. I dag er det mange land og byar som ikkje likar at byane veks, og som difor ikkje gjer noko for å betre forholda for folk som kjem flyttande inn frå landsbygdene. Dei ønskjer rett og slett ikkje at alle skal bu i byar. Men det er veldig dumt, meiner mange, for byane veks anten vi vil det eller ei. Då er det betre å leggje ting til rette for at folk skal klare seg betre. Ingen er tent med å bu ein slum. Og det blir berre ein vond sirkel. Slum avlar berre meir fattigdom, kriminalitet og håpløyse. Folk må få hjelp til å skape seg betre liv, og slumområda må sanerast for at byane skal kunne vekse økonomisk. Og byane må vekse økonomisk om det skal vere levebrød nok til alle som bur der. Om du lurte, foto som du ser er i frå Cape Town i Sør Afrika.

Norsk Barneblad for alle barn, by eller bygd, på nynorsk!