Dataspel reddar ungdom!

Rike robbast oftast
Rike robbast oftast

Ungdomskriminaliteten har gått ned med ein fjerdedel eller 25 %  dei siste ti åra. Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring (Nova) trur det er takka vere dataspel. Ja, at ungdommar heller driv med dataspel enn å springe rundt og gjere ugagn. Ungdommar som keiar seg og som driv rundt langs veger og gater utan noko å finne på, har lettare for å gjere dumme ting, enn ungdom som har noko å gjere på. Er det dette vaksne meinar når dei seier at lediggong er rota til alt vondt, skal tru? Så er det kanhende ikkje så ille då, at ungdommen brukar litt tid framfor ein skjerm. Ungdomskriminalitet er trass alt mykje verre enn litt dataspel. Norsk Barneblad for dataspelande barn - på nynorsk!

Kjelde: NTB