Den eldste datamaskinen i verda!

Antikythera-maskinen er den eldste datamaskinen i verda. I mange år har forskarar lurt på kva han blei brukt til. No har dei funne svaret. Antikythera-maskinen er ein astronomi-kalkulator som viste kvar himmel-lekamane sto i forhald til kvarandre. Maskinen er bygd opp av 37 skiver med tannhjul. Han blei driven av ei handsveiv. Dette høyrest kanskje ikkje så avansert ut, men det er det faktisk. Det er svært vanskeleg å lage tannhjul som også skal ta omsyn til dei elliptiske banene til sola og månen. Antikythera-maskinen er 1900 år forut for si tid. Ikkje så dårleg.  Den meir enn 2000 år gamle maskinen er på høgde med eit sveitisk presisjonsur frå 1800-talet når det gjeld presisjon og kompleksitet. Vi må rett og slett slutte å tru at dei ikkje peiling før i tida... Antikythera-maskinen viser oss at dei faktisk hadde peiling på litt av kvart! Maskinen blei funnen i eit skipsvrak utanfor Kreta i 1900. I skipet fann dei også statuar og anna som kunne daterast tilbake til 400 år før Kristus. Og i mange år lurte altså forskarane veldig på kva denne maskinen blei nytta til. No veit vi det.