Den nye vennen til Fantorangen?

Nei, det er det nok ikkje. Dette er ein axolotl, ein salamander frå Mexico. Utruleg søt, ikkje sant? Og det er det ikkje berre vi to som tenker. Axolotlen er populær som akvariedyr over det meste av verda. I USA er dei kjempepopulære og har eigne fanklubbar. Ja, både i Sverige og Danmark får du kjøpt dei. Men her i landet er det forbode. I det fri finst han nesten ikkje lenger. Xochimilco-sjøen i det sentrale Mexico er einaste staden der han lever i sitt naturlege element. Ja, som vill er han utrudningstruga, men sidan han er så populær som akvarie-salamander så døyr han nok ikkje ut med det første.

Axoltlen blir brukt som forskningsdyr. Det finst fleire mutasjonar. Ja, forskarane har til og med avla fram ein som er sjølvlysande grøn. Og om det ikkje var nok så er axolotlen rekna som ein delikatesse blant enkelte folk. God som grilla seier de.  Huff og huff!

Axolotlen lever til han er 10 – 15 år gammal. Han kan faktisk bli 45 cm lang. Men det vanlege er omtrent 20 til 25 cm lang.

Vil du vite meir så kan du lese på http://no.wikipedia.org/wiki/Axolotl

Norsk Barneblad for glade og opplyste barn - på nynorsk!