Den største katten i verda

Ute i naturen lever ikkje tigrar og løver i same området. Dei møtest faktisk aldri. Difor finst det sjølvsagt verken ligrar eller tigonar ute i jungelen. Ein liger er eit kattedyr som har tiger til mor og løve til far. Ein tigon har løve til mor og tiger til far.Det største kattedyret i verda er ein liger som heiter Hercules. Han er 3,70 meter høg og veg 400 kilo. Han sluker opp til 45 kilo mat på ein gong, men på ein normal dag et han 9 kilo reint kjøtt. Hercules bur i dyreparken Jungle Island i Florida og står oppført i Guinness rekordbok som det største kattedyret i verda. Jungle Island skriv på sine heimesider at Hercules ikkje er eit resultat av planlagd avl eller kunstig inseminering. Men dette er det ikkje alle som trur på. Organisasjonen Big Cat Rescue tek kraftig til motmæle. Avling av ligrar er ikkje bra. Ligrane får ofte store helseproblem. Tigermødrene har alvorlege problem med å føde så store ungar. Ofte endar ein slik fødsel i keisarsnitt.

Big Cat Rescue ber folk la vere å besøke dyrehagar med ligrar eller tigonar. Om ingen vil betale for å sjå dei, er det heller ingen grunn for dyrehagane til å ale dei opp.

Fakta om ligrar

  • Ein liger er avkom av løve og tiger, avla kunstig.
  • Far er løve og mor er tiger.
  • Det motsette er ein tigon, som har løvemor og tigerfar.
  • Ligrar blir enormt store.
  • Tigonar blir ofte mindre enn tigrar.
  • Mange ligrar lir av sjukdomen gigantonomi, det vil seie at dei sluttar aldri å vekse.
  • Mange ligrar er sterile, men ikkje alle.
  • Den største nolevande ligeren, Hercules, er 3,70 m høg og veg 400 kg.
liger_couple

Norsk Barneblad for glade og opplyste barn - på nynorsk!