Din eigen regnskog!

Heile kroppen vår er som ein jordklode for bakteriane. Og i armholene dine er det ein regnskog. Huff og huff, tenkjer du vel no. Men dei fleste av bakteriane som bur på deg, er hjelparane dine. Til dømes er bakteriane som kosar seg i og rundt naseborene dine, i full jobb med å produsere naturlege fuktmiddel som gjer at du unngår tørr hud som sprekk opp. Størstedelen av kroppen din er mest som ein ørken, men nasen din er som ein oase. Der bur det mange ulike former for bakteriar. Under armholene dine er det også fullt opp av mange ulike bakteriar, ja meir som ein regnskog. På overarmane dine bur heilt andre bakteriar enn mellom tærne dine.

Og kva nytte har vi av å vite dette? Jau, sidan vi no veit kven som bur kvar på huda til ein frisk person, så kan vi samanlikne det med bakteriane som bur på huda til ein person som er plaga av eksem, til dømes. Er det andre bakteriar som bur på overarmen til den som er plaga av eksem, enn på den som er heilt frisk i huda? Kanskje manglar dei gode hjelparane på hud med eksem? Når vi finn ut av slikt, kan vi lage betre medisin for ulike hudsjukdommar.

Norsk Barneblad - for nysgjerrige barn - på nynorsk!