Dokker for eldre

Dokker er ikkje berre for barn. I høgteknologiske Japan har dei funne opp ei dokke for einsame eldre utan barnebarn. Det blir stadig færre barn i Japan, og mange eldre saknar eigne barnebarn. Det har leiketysprodusentane gjort noko med. ”Yumel” heiter dokka som både søv og pratar med pensjonistane. Yumel er ein liten gut, og han kan seie meir enn 1200 setningar. Berre på tre månader har pensjonistane i Japan kjøpt over 8000 dokker. Dokkene ligg ute til sal i butikkane som sel senger, dyner, puter og sengetrekk. Søte Yumel kan programmerast til å vakne og sovne på likt med bestemor eller bestefar. Yumel vil sove og vakne på faste tider og er i godt humør om alt er normalt. Men om eigaren ikkje tek seg nok tid til å leike med Yumel eller ikkje passar på at Yumel får nok søvn, så blir guten utilpass og spør om noko er gale.

Over 500 eldre har sendt brev til fabrikken som lagar Yumel, og takka for at dei ikkje lenger er einsame.

På tide å besøkje bestemor og bestefar?

Norsk Barneblad for "gamle" barn - på nynorsk!