Ein slange i do!

Slange i do!

Ein slange i plast eller gummi er strålande til så mykje. Stå opp tidleg ein morgon, før dei andre har stått opp og gått på do. Legg slangen i doskåla og gøym deg. Eg kan garantere at førstemann til å gå på do den morgonen får seg eit skikkeleg sjokk!

Eit anna ekkelt gummidyr kan også gjere same nytten. Bruk fantasien, men pass på at gummidyret ikkje blir skylt ned og tettar heile doen.

Dette treng du:

  • Ekkelt dyr i gummi

 Lukke til frå Rampejenta

PS. Har du ein rampestrek, så send han inn til nana@norsk-barneblad.no

Alle innsende rampestrekar som Rampejenta trykkjer her i spalta si, blir premierte.

Og hugs – rampestrekar er berre morosame så lenge ingen blir skadd og ingenting blir øydelagt!

Norsk Barneblad for rampete barn - på nynorsk!