Eit slit å lage leiker!

Sjølv om det er lenge til jul kan det vere greitt å vite at verkstaden til nissen ligg i Kina. Nærare bestemt i Guangzhou, som er hovudstaden i provinsen Guangdong. Her er det åtte tusen leiketyfabrikkar. Desse fabrikkane lagar 75 % av alle leiker som blir selde over heile verda.

Guangzhou heitte Canton før, og ligg i Sør-Kina. Det er den viktigaste handelsbyen i heile Sør-Kina. Guangzhou ligg vakkert til ved Perle-elva og har om lag 10 millionar innbyggjarar. Folk her snakkar kantonesisk, ei form for kinesisk som er vanleg over heile Sør-Kina. På den kaldaste tida i januar er det 15 grader her, og i juni er det høgsommar med ein snitt-temperatur på rundt 28 grader. Både i juni og juli regnar det ein del her.

Og i Guangzhou ligg altså verkstaden til nissen. Gjennom heile året er det travle tider i leiketyfabrikkane. For barn får gåver gjennom heile året, ikkje berre til jul. Og alle, sikkert du også, ønskjer seg helst harde pakkar. Svært mange av dei harde pakkane du får, er laga ved hjelp av strevsamt arbeid til langt på natt.  

Gløym alt du har høyrt eller tenkt om kor koseleg det må vere å lage leiker. Det er eit blodslit. Ein vanleg arbeidsdag er på 12 timar! Men det er heilt vanleg at eit skift varer opptil 17 til 18 timar! Dersom ein arbeidar ikkje vil jobbe så mykje overtid, så får han eller ho rett og slett sparken. Månadsløna til ein fabrikkarbeidar er om lag 1000 kroner. Folk i dette området i Kina er kjende for å vere hardt arbeidande og flittige.

I Kina har ikkje arbeidarane lov til å gå saman for å protestere mot uretten i arbeidslivet. Gjer dei det, så blir dei sparka og mistar arbeidet sitt. Lovene i Kina som skal passe på rettane til arbeidarane, er ikkje så verst, men dei fleste arbeidarane kjenner ikkje rettane sine. Leiinga på fabrikkane bryr seg ikkje om anna enn å tene mest muleg pengar, og bryt dei kinesiske lovene gong på gong.

Dersom forholda skal betrast i fabrikkane, må vi slutte å presse ned prisen på arbeidet med å lage leiker. Vesten må ta sin del av ansvaret for å gjere arbeidsdagen leveleg for kinesiske arbeidarar. Dei rike selskapa frå Vesten som krev gode arbeidsforhold i fabrikkane som leverer leikene deira, må samstundes vere viljuge til å betale betre. Dei kan ikkje både krevje betre løn for arbeidarane og lågare pris for leikeproduksjonen.

Kor mange av dine leiker kjem frå Kina? Leiker som blir selde her i landet, kjem svært ofte frå Kina. Både Brio, Top-Toy, Toys R Us, Edwis, Ringo og leiker for butikkar som Coop og ICA er laga der.

Norsk Barneblad for smarte barn - på nynorsk!