Eit stinkande Europa!

Svartedauden tok livet av mellom 25 og 50 millionar menneske i Europa og legane meinte at det var vatnet sin feil. Smitten blei altså overført i vatnet. Ojsan, tenkte folk då og slutta heilt å vaske seg. Og slik heldt det fram i mange hundre år. Folk stinka, ja heile Europa stinka. Rikfolk kunne jo skifte klede ein gong i blant og dynke seg med parfymar, men fattigfolket hadde verken nye klede eller parfymar å gøyme sveittelukta si i.  Solkongen, Ludvig 14. blei sett på som svært rein. Han bytte nemleg til ny skjorte tre gongar om dagen. Det var mykje tryggare enn å vaske seg. Den kongelege legen Ambroise Paré sa i 1568 at ein burde forby dampbad fordi det gjorde huda blaut og fekk porane til å opne seg og difor gjorde det lett for pestbefengte dunstar å trenge inn i kroppen og raskt føre til dauden. Dersom ein let vere å vaske seg ville skiten tette porane og sørge for at sjukdomen ikkje klarte å trenge inn i kroppen. Skit som førebyggande medisin altså.

Såpe var svært så sjeldant heilt fram til 1800-talet. Men sjølv om folk i Europa ikkje vaska seg, så auka folketalet jamt og trutt. Litt sveittelukt stoppa ingen.

I 1596 fann Sir John Harrington opp eit slags vatnklosett, men blei så grundig pepen ut at han droppa heile oppfinninga. Det tok 200 år til før nokon torte å finne på noko slikt igjen.

Norsk Barneblad for glade og opplyste barn - på nynorsk!