Er det uhøfleg å gløyme smileteikn? ;-)

I Aftenposten les vi idag at det er uhøfleg å gløyme smileteikn i tekstmeldingar.  "Ok, ser deg i kveld." eller "Ok, då ser eg deg i kveld :-)." Kva melding trur du er skriven av ei jente? Jenter sine tekstmeldingar blir gjerne avslutta med eit smilefjes, medan gutane gjerne skriv korte meldingar utan smilefjes.  Jenter skriv fleire og lengre tekstmeldingar enn gutane. Jentene bruker også fleire smilefjes enn gutane. Ofte så synest jentene at gutane sine meldingar er for korte og somme gongar rett og slett uhøflege. Dette er fordi gutane brukar få ord og ingen smilefjes. Gutar kan godt svare på ei melding med eitt ord som ja eller nei eller ok. Mange jenter synes dette er både uhøfleg, kort og uinteressant. Er det slik i din vennegjeng også? Skriv gjerne eit innlegg til ordskifte om dette. Brukar gutar for få ord? Er det viktig med smilefjes? Er det slik at mange gutar synes at smilefjes er tøvete? Kva tenker DU? Norsk Barneblad for glade og opplyste barn - på nynorsk!