Er DU høfleg?

Polite

Er du høfleg? Mange vaksne er ikkje særleg høflege, verken mot barn eller andre vaksne. Kvar dag tek eg t-bana til og frå Norsk Barneblad, og nesten kvar dag legg eg merke til uhøfleg framferd. På t-bana til byen om morgonen er det ofte svært fullt, men enkelte passasjerar brøyter seg fram utan å ta omsyn til andre. Både gravide og eldre blir dytta hit og dit, og nesten ingen gidd å tilby dei sitjeplassen sin. Er dette berre tankeløyse? Når eg går inn i ein butikk, reknar eg det som god skikk at dei som jobbar der, helsar på kunden som kjem. Om dei ikkje seier hei, så ventar eg eit lite smil i det minste. Men ofte held dei berre på med sitt, og kastar knapt eit blikk på meg. Er det også tankeløyse? No er det snart berre i utmarka og på fjellet at folk som ikkje kjenner kvarandre, likevel smiler og helsar. Tenk så mykje hyggelegare alt hadde vore om alle var høflege og blide mot kvarandre. Eg merkar eg blir skikkeleg glad når eg møter folk som er høflege og vennlege mot framande. Det er vel ikkje så vanskeleg å seie hei, takk eller unnskyld når det trengst? Og vaksne folk må ikkje tru at du som veks opp i dag, lærer å vere høfleg når så mange vaksne rundt deg er slike dårlege eksempel. Men ein ting har eg oppdaga – det er kjempesmart å vere blid og høfleg. Eg får masse gratis godvilje nettopp fordi eg kan seie hei, takk og unnskyld når det trengst. Med eit smil i tillegg så går det meste bra. Det er eit godt tips for eit godt liv!

Nana

Norsk Barneblad for glade og opplyste barn - på nynorsk!