Et vi det same over heile verda?

Et vi det same
Et vi det same

Er du muslim eller jøde, så er krokodiller, slangar og froskelår ikkje god mat. Men er du fransk, kinesisk eller frå Karibia, så er froskelår nammenam. Også i sørstatane i USA er frosken populær på middagsbordet. I Thailand, Australia og Sør-Afrika er krokodille normalt i kosten. I enkelte delar av USA er klapperslangen ein godbit til fest.

Er du amerikanar, synest du duer er ekle og slettes ikkje til å ete. Men mange stader i Sentral-Europa og i Asia er due rekna som vanleg mat.

Hesten blir heller ikkje eten overalt i verda. Hestebiff er ei delikatesse i Frankrike, og heller ikkje islendingar nektar seg ein god, mør hestebiff. Her i landet et vi hestepølse på brødskiva vår utan at nokon tenkjer noko særleg på det. Men verken amerikanarar eller engelskmenn kunne tenkje seg å ete hest.

Marsvin er berre eit søtt og koseleg kjæledyr, tenkjer du kanskje? Niks og nei. Bur du i Peru og helst høgt oppe i Andesfjella, så slikkar du deg rundt munnen med tanke på eit heilsteikt marsvin til middag.

Hund er også populær mat i store delar av verda. Mest i Asia. Men verken du eller eg synest at hunden vår er passande på middagsbordet. Men slik er det altså ikkje alle stader.

I India er det berre eit lite fåtal som kan tenkje seg å slakte og ete ei ku. Etter hinduistisk tru er dette ei alvorleg synd.

I Guandong-provinsen i Kina (gamle Kanton) er kattekjøt rekna som mat. Dei har ein eigen rett som heiter ”Drake, tiger og fugl føniks”. Det er slangekjøt, kattekjøt og kyllingkjøt i ein og same rett. Dette er ein tradisjonell kantonesisk matrett som dei har servert og ete i mange hundre år. Men i størsteparten av verda er katten ikkje eit matdyr.

I store delar av verda har det vore ete rotte når det har vore dårleg med annan mat. I enkelte land som Ghana, Vietnam og Thailand er rottekjøt framleis å finne på bordet hos folk på landsbygda.

Til slutt er det berre å seie smakeleg måltid eller signe maten til kva det enn er du har på tallerken din.

Norsk Barneblad for glade og opplyste barn - på nynorsk!