Fisk har vondt av å bli fiska

auau

Au au au! Ivrige hobbyfiskarar har alltid sagt at fisken ikkje kjenner smerte når han hamnar på kroken. Men Janicke Nordgreen, Noregs veterinærhøgskole, fortel noko heilt anna. Fisk har senter i hjernen som tek imot signal om skadelege stimuli, altså kjenner fisken smerte. Fisk har dessutan nerveceller som fangar opp signal, og ein hjerne som kan tyde signala. Ja, som vi menneske. Smerte er viktig for å overleve. Utan evne til å føle smerte er det lett å skade seg sjølv. Måten fisk oppfører seg på, syner også at dei prøver å unngå smerte.

Så no veit vi det – fisk har vondt av å bli fiska, anten det er på ein krok, på ei line, i eit garn eller i ein trål.

Norsk Barneblad for glade og opplyste barn - på nynorsk!