Flausar

Her kan du kose deg med andre sine flausar. Send inn di eiga til nana@norsk-barneblad.no og få premie tilsendt i posten!

Vesketrøbbel

Eg hadde fått ny og råkul skulderveske. Søster og eg skulle på tur i byen, og eg tok på eit kort, vidt skjørt i tynt stoff med masse foldar og ei lita t-skjorte. Veska tok eg på skrå over skuldra, slik ein plar ha skuldervesker. Etter ei stund merka eg at folk stira på meg, men eg kunne ikkje forstå kvifor. Så begynte søster å le hysterisk. Veska som hang og slang mot rumpa mi, drog opp stoffet i skjørtet så heile trusa mi syntest.

Aldri meir korte skjørt og lang skulderveske.

På SFO

Dette skjedde for nokre år sidan då eg gjekk i tredje klasse. Vi var på SFO, og eg og venninna mi var på eit leikerom heilt for oss sjølve. Eg kjente at eg måtte veldig prompe, og eg spurde henne om det var greitt. Ho sa ja, og eg prompa ein skikkeleg blaut og illeluktande ein. Då sprang ho ut av rommet og ropte at Elise hadde prompa. Masse gutar begynte å rope sånn BÆBUBÆBU og leika brannmenn som måtte redde folk frå den giftige gassen. Det var skikkeleg dumt.

Elise

Uppsi!

Det var skuleavslutning, og alle var samla i gymsalen. Eg skulle lese eit dikt rett etter at rektor hadde framført ein liten tale til alle elevane. Då eg hadde lese diktet og skulle gå ned frå talarstolen, snubla eg i skolissa mi og tryna rett ned framfor alle elevane på heile skulen. Det var så pinleg at eg orkar nesten ikkje å tenke på det.

Skolissa

Ojsan!

Eg var på kafé saman med bestevenninna mi. Eg hadde ein liten kul svart kjole på. Vi drakk masse cola, og eg måtte snart på toalettet. Då eg kom ut, såg eg at folk såg på meg, men eg tenkte dei syntest eg var pen og kul. Men då eg skulle kjøpe eit stykke sjokoladekake og gjekk mot disken, ropa venninna at eg måtte kome tilbake til bordet vårt. Eg hadde dytta kjolen oppi trusa då eg var på do. Ikkje rart folk såg på meg. Eg trudde eg skulle besvime. Så flau har eg aldri vore før.

Kristine

Norsk Barneblad for glade og opplyste barn - på nynorsk!