Flausar

For litt sidan skulle klassen min og eg ut og bade. Der var det ei flytebrygge vi skulle hoppe ifrå. Brygga var full av folk, og eg måtte hoppe først. Eg hoppa og sumde tilbake til brygga. Då såg eg at alle lo av meg, men eg skjøna ikkje kvifor. Men så sa venninna mi at overdelen min låg og flaut i sjøen. Det var siste gongen eg brukte bikini til å bade i. No er det berre badedrakt for min del. Helsing Badedrakta  

På skuleballet hadde eg på meg ein lang kjole frå Frankrike. Eg dansa med ekskjærasten min. Brått ramla han på golvet, og då han skulle reise seg opp, kom hovudet hans under kjolen min. Då ropa han ut så alle høyrde det: – Du har mensen. Eg blei så flau at eg sprang heim. Neste dag på skulen var eg like flau. Ekskjærasten min bad om orsaking. Han hadde ikkje meint å gjera meg flau.

Helsing Utbrotsjenta

Ein dag eg stod på busstoppet på tur til skulen, saman med nokre andre frå skulen min, kom eg på at eg hadde gløymt engelskleksa heime! Eg hadde heller ikkje tid til å springe den korte turen heim for å hente leksa, så eg ringte stefaren min, fordi mamma truleg ikkje var stått opp enno. ”Hei, kan du hente engelskleksa min, ho ligg på stovebordet, og eg har ikkje tid til å kome å hente ho, bussen kjem no!” To sekund seinare høyrer eg at det smell i ytterdøra vår, og då ser eg stefar min springe ut i berre boblejakke og underbukse! Akkurat då kom bussen, så alle såg han! På den bussturen var det pinleg stille...

Helsing ei som aldri kjem til å gløyme leksa si igjen

Denne historia opplevde mor mi for mange år sidan. Det var då ho hadde gym. Dei hadde ein gymnastikklærar som ikkje brydde seg når noko skjedde. Dei skulle danse fugledansen, og då var det ein som heitte Øyvind som ikkje ville vere med, og det var heilt greitt. Medan mor mi dansa, gjekk han bak ho og drog ned buksene og trusa hennar slik at alle såg rumpa hennar. Mor syntest det var kjempeflautt.

Helsing Herdis

Eg var i gymsalen saman med klassa mi. Klassa spela fotball, og alle hadde det kjekt. Plutseleg sparka eg ballen og datt. Alle lo av kjempefallet, og eg vart flau.

Helsing Proffen

Eg og nokre vennar skulle på symjing. Det var to jenter og ein gut. Vi hadde eit veddemål. Ho eller han som kom først nedi vatnet, fekk 50 kroner frå oss andre. Guten blei sjølvsagt først, men han hadde gløymt å ta på seg badebuksa. Eg gløymer det aldri.

Helsing Badebuksa

Norsk Barneblad for lattermilde barn - på nynorsk!