For første gong er det fødd ørkenrevar i Noreg!

Tysdag i førre veke blei fem ørkenrev-kvelpar fødde i Dyreparken i Kristiansand.   Dei veg berre rundt femti gram, men legg på seg for kvar dag som går. Mora Zoe passar godt på ungane sine, så ingen frå Dyreparken har fått kome så nær at dei veit kor mange gutar og jenter det er snakk om. Ja, til og med faren Moses må pent halde seg på avstand.  

Dei opnar augo etter omlag ti dagar. Til no ser alt ut til å gå veldig bra. Mora er full av omsorg og passar godt på dei små gullklumpane sine. Mor og barn ligg inne i ei lita kasse, og mora kjem berre ut når ho treng å ete, fortel biolog Helene Axelsen i Dyreparken.  

Ørkenreven er ein liten nord-afrikansk rev som er med i eit internasjonalt bevaringsprogram. Dei held til i ørkenen, og kan bli åtte til ti år gamle.  

Dyreparken fekk to ørkenrevar i 2012. Ei inngjerding med til saman to hundre tonn fin sand  er bustaden til ørkenrevane. Og her trivst dei så godt at dei no har fått ungar.  

Ørkenrevane veg berre i overkant av ein kilo som vaksne. Dei har enormt store øyrer. Øyrene blir mellom anna brukt til å regulere kroppstemperaturen. Men øyrene syter også for ein skikkeleg god hørsel som gjer at dei kan høyre byttedyr som skjuler seg nede i sanden.  

Ørkenrevane er flokkdyr, og et vanlegvis øgler, gnagarar og fuglar, men også egg, insekt og plantar.

Alle foto: Ole Martin Buene, Dyreparken

Norsk Barneblad for dyreglade barn - på nynorsk!

Artiklar, DyrNanaRev, Ørkenrev, Dyrepark