Førjulskos med kjeks!

Ingen grunn til å lure deg til julekaker før jul, når du fort kan lage deg ein stor porsjon med lekre og sprø kjeks, eller havreflarn, som dei heiter.  Desse er skikkeleg gode! Havreflarn

Dette treng du:

100 gram smør eller margarin

3 dl store havregryn

1 egg

1 ½ dl sukker

1 ss kveitemjøl

1 ts bakepulver

Slik gjer du:

Set steikjeomnen på 175 °C. Smelt smøret og rør i havregryna. Visp egg og sukker luftig. Bruk gjerne ein handmiksar. Rør eggedosisen saman med havregryna. Så blandar du mjølet med bakepulveret og blandar også dette inn i røra.

Så tek du tre plater og legg bakepapir på, eller du smør dei godt. Ta ei teskei med røre til kvar kjeks. Legg dei eit godt stykke unna kvararandre så dei har plass til å sige litt utover. Det er plass til 10 til 12 kjeks på kvar plate. Røra skal halde til om lag 35 kjeks.

Hugs at dersom røra står for lenge, så svell havregryna, og røra blir øydelagd. Om du vil lage fleire porsjonar med kjeks, må du lage ei ny røre.

Steik kjeksa midt i steikjeomnen til dei har fått litt farge. Dette tek 6 til 7 minutt. Ta ut plata, avkjøl kjeksa litt, så du kan løyse dei med ein tynn, bøyeleg kniv. Du kan også bøye kjeksa over eit kjevle eller ei flaske medan dei er varme.

Dersom kjeksa har blitt kalde på plata, kan du setje plata inn i steikjeomnen på nytt i eitt minutt, då blir dei mjuke og kan løysast.

Desse havrekjeksa er lekre og veldig gode. Best er dei når dei er heilt ferske.

Og skal du kose deg skikkeleg, så kan du blande litt sjokoladepålegg i røra. Då blir det havreflarn med sjokoladesmak.

Julegåvetips

Du kan lage ein liten stabel med havreflarn og knyte ei raud sløyfe rundt. Då har du ein finfin presang til nokon du bryr deg om. Kanskje nokon som helst vil ha havreflarn med sjokoladesmak? Skal du pakke kjeksa inn som julegåve, må du leggje dei i ein boks eller øskje så dei ikkje blir knuste til smular.