Førjulsmysterium

Av Gard Espeland med teikning av Trond Rømo – Slike tjuvar burde få livsvarig fengsel.

Lensmann Snufs hadde akkurat sett seg i godstolen sin for å finne ut kva han eigentleg ønskte seg til jul, da telefonen ringde heime hos han.

– Javel, sa Snufs. – Kva er det eigentleg snakk om?

– Det er så frekt at eg har ikkje ord, sa mannen i telefonen. – Ja, eg … eg er altså bakar Kringlehaugen!

– Godt! sa lensmann Snufs. – No tek vi det heilt roleg, og så fortel du meg kva som har skjedd. Heilt frå starten.

– Ja, altså … sa den opphissa bakaren … – Eg hadde baka ti ulike slag småkaker, og pakka dei i pene esker. Alle desse eskene hadde eg stabla opp i ei lita bu i julegata utanfor bakeriet mitt. Og småkakene gjekk unna som varmt kveitebrød, for å seie det slik. Eg hadde eit pengeskrin på bordet, og det må minst ha vore tusen kroner i det. Men akkurat da eg skulle hjelpe gamle frøken Julia Gott med å leggje ei pakke serinakaker forsiktig ned i veksa hennar, gløymde eg å halde auge med pengeskrinet, og da eg snudde meg att, var det borte. Det var mykje folk i gata, men eg trur eg såg ryggen på Samuel Schtele. Ja, eg er nesten sikker på at det var han.

– Kor mykje var klokka da dette skjedde? undra Snufs.

– Rundt åtte. No i førjulstida held vi butikken oppe heilt til klokka ni.

– Eh, javel, sa Snufs. Eg skal ta meg av saka det fyrste eg gjer i morgon tidleg.

Samuel Schtele hadde eit svært dårleg rykte. I fjor hadde han stole ein fiskepudding på Samvirkelaget, og året før hadde han teke med seg ein stor pose med smågodt frå kiosken utan å betale. Snufs visste at han og kona budde i rekkjehusa bak ungdomsskulen, og han drog dit straks det vart lyst.

Da Snufs hadde ringt på to gonger, opna kona døra, og Snufs kom inn i ein trong gang. På ein kommode stod det ein julenisse i gips eller leire som hadde mista eine handa, og i glaskarmen stod det ei julestjerne som ikkje såg ut som om ho hadde fått vatn sidan jul i fjor. Snufs såg etter om det var ein knagg han kunne hengje frå seg vinterfrakken på, men det var berre ein knagg i heile gangen, og på den hang det alt ein annan mørk frakk ytst, og ei raud damekåpe innanfor. Inne i stova sat Samuel i ein stol.

– Var du ute og gjekk i går kveld? spurde Snufs. Han ville ikkje bruke ein tøff tone like før jul.

– Nei, eg var heime i heile går, svara Samuel.

– Har du vitne på det?

– Nei, eg var åleine. Men kona mi kom heim ved sjutida. Ho arbeider på sjukeheimen. Etter det har ingen av oss vore ute, korkje i går kveld eller i dag.

– Tenk deg no nøye om, sa Snufs. – Er du heilt sikker på at det er akkurat slik du fortel?

– Ja, akkurat slik, sa Samuel.

– Da er eg redd du må bli med bort på lensmannskontoret, sa Snufs. – Det er noko som tyder på at du ikkje snakkar sant.

Er du like skarp som Snufs? Kva er det som ikkje stemmer?

Løysinga

Snufs la merke til at frakken til mannen hang ytst på knaggen i gangen. Hadde det vore sant at kona kom sist heim, hadde kåpa hennar hange ytst. Samuel Schtele tilsto med ein gong, og bakaren fekk att alle pengane sine. Og om du skulle lure på det: Etter at Snufs hadde snakka med bakaren, kjøpte han med seg både goro, berlinarkransar og sirupssnippar heim. Planen hans var å invitere kjærasten på julekaffi, men det er ei heilt anna historie.