Frå olje til vatn?

Snart tek oljen slutt meinar svært mange som har greie på slikt. For første gong blir det produsert meir gass enn olje på norsk sokkel. Reint vatn er eit gode som er knapt mange land i verda. Her i landet har vi mykje vatn og vi er eit av dei "våtaste" landa i heile verda. Ja, mange av oss klagar jo beint fram over alt regnet som kjem. I framtida kan det godt vere at norsk vatn blir den nye "oljen".   Akkurat no lever det 6,7 milliardar mennesker på jorda og i 2050 er vi truleg blitt til 9 milliardar. Allereie i dag veit vi at mangel på reint drikkevatn er eit stort problem for mange. Grunnvatnet synk i mange land og elvane tørkar ut. Eksport av reint drikkevatn kan bli ein stor eksportartikkel i framtida for landet vårt.

Norsk Barneblad for glade og opplyste barn - på nynorsk!