Friminutt i elva!

Det lange friminuttet er godt likt av alle som går på skule. Uansett kvar i verda dei bur. I landet Laos har elevane ein heil time fri. Då badar dei gjerne, etter å ha ete mat vi truleg ville ha takka nei til.

Khamla er ein gut på åtte år. Han bur i ein liten landsby. I dag er han på hovudstups badetur med vennane frå skulen. Det var dei i går også.

- Vi må bade i dag fordi det er så varmt, seier han og tørkar vatnet frå augo. Dei snakkar jublande i munnen på kvarandre fordi det er så morosamt å bli fotografert og få sjå bileta rett etterpå. Digitalt kamera er heilt uvanleg her.

– Først har vi ete mat, og så har vi nok tid til å komme hit til elvebredda, seier ein annan av vennane.

Dei badar ved ein sandbanke i Mekongelva. Elva er enormt stor og lang, og startar langt vekk ein stad i Kina. Nokre stadar er elva grense mellom landa Thailand, Laos og Kambodsja.

Laos er om lag tre firedelar av Noreg i flatevidde. Det bur litt fleire i Laos enn i Noreg.

Om natta er det 22 varmegrader her. Når det skjer i Noreg, kallar vi det tropenatt.

I det lange friminuttet i dag er det rå-varmt, 39 grader! Det er difor vennane frå skulen går til elva for å kjøle seg ned.

 

Fangar rotter

Kvar dag hjelper gutane foreldra sine, skjønar vi snart. Dei set ut feller for å fange rotter. Først trur vi at det er fordi rottene er skadedyr.

Guten Khamla fortel: – Nokre dagar i veka hjelper vi til med matlaging og fiske i elva. Vi hjelper med å setje opp fellene som står ute kvar natt, og vi et rottene vi fangar, til frukost eller lunsj.

 

Fotball

Men noko er heilt likt som i Noreg. Ungane spelar fotball i storefri og om ettermiddagane. Ja, og så er det sjølvsagt lekser. Fleire må også lære dei yngre syskena sine å skrive eller lese. Det gjeld dei som har sjuke foreldre og for lite pengar til at alle kan gå på skulen. Det er nemleg ikkje gratis som i Noreg. Skulen kostar pengar. Det gjer behandling hos legen også. Gratis sjukehus, slik vi er vane med, finst ikkje i Laos.

47 familiar bur i landsbyen til desse skulekameratane. Omtrent 420 menneske bur i landsbyen. Då kan vi rekne ut at kvar familie har minst åtte systrer, brør, foreldre og besteforeldre. Og dei bur i same hus.

Dei fleste av foreldra til gutane på badetur er bønder som dyrkar mat, særleg ris. Nokre av familiane har små butikkar. Der sel dei mange småting familiane har bruk for, og litt mat som andre har dyrka.

Innbyggarane i landsbyen tilhøyrer ei gruppe folk som blir kalla khamufolket. I Laos høyrer omtrent ein av tre personar til khamuane. Språket deira blir berre forstått av andre khamuar.

Difor lærer khamu-ungane to språk om dei får gå på skule. Eitt språk alle i landet kan, og dessutan språket khamu.

 

Elvefolk

Vi er på sandbanken, og snart spring gutegjengen med fantasifulle hopp ut i elva igjen. Ein siste dukkert før skulebenken ventar, for det er jo berre eit langt friminutt. Sånn er det på dei varmaste dagane når elva ikkje er så stor. Når det er regntid, blir elva veldig stor og stri. Då er elva farleg for alle, og ingen badar.

Stort sett alle kan symje frå dei er ungar, fordi dei bur ved og lever av elva. Delar av året har familiane vatn heime i røyr frå elva. Men i den tørre årstida er det for lite vatn. Difor er det så godt å dukke seg i vatnet, så gøy å hoppe frå sandbanken. Etter skulen går dei atter for å sjekke om det er noko mat i fellene.

Slik er det i Laos. Det einaste partiet som er lovleg i landet, har grådige leiarar som stel all rikdom, slik at innbyggarane blir verande fattige.

Tekst og foto: Andreas Bjørnson

Norsk Barneblad for nysgjerrige barn - på nynorsk!