Gje eit hjarte til ein venn!

Du bakar sikkert peparkaker til jul. Men har du tenkt på at det kan bli ein flott presang? Det er kjempeenkelt og kjempesmart å bake eit ekstra stort hjarte som du lagar eit hol i. Når baksten er ferdig pyntar du hjarte med ein fin tekst av melisglasur og til slutt festar du eit fint raudt band i holet så hjartet kan hengast opp. Pakk hjartet fint inn med silkepapir og er du heldig finn du ei øskje du kan legge det i så det ikkje blir knust. Det gjer ingenting at øskja er litt stor. Det blir berre ekstra spennande at han eller ho som får gåva ikkje forstår kva som er inni.

Lukke til og god jul!

Norsk Barneblad for glade og opplyste barn - på nynorsk!