Gje mat til småfuglane!

Mange småfuglar kjempar for å overleve i kulda. Denne vinteren er ekstra hard for dei. Småfuglane er så små og lette at dei har problem med å halde kroppstemperaturen sin oppe. Og skal dei greie det treng dei nok mat. Du kan godt lage fuglematen heime på kjøkenet ditt og det treng ikkje koste så mykje. Smelt feitt i ei panne og bland inn litt fuglefrø.  Har du ikkje fuglefrø kan du også bruke brødsmular. Hell blandinga i små jogurtbeger. Sett dei i kjøleskapet over natta så blandinga stivnar skikkeleg. Dagen etter kan du legge dei på fuglebrettet eller henge dei opp. Du kan dra ein hyssing igjennom med ein knute under tjukkaste delen. Har du ein liten pinne så kan du også stikke den på tvers gjennom - slik har fuglane noko å stå på også.

Så kan du sette deg godt til rette i godstolen bak glaset og sjå kor glade alle dei fine småfuglane våre blir. Kanskje har du på lur ein kikkert eller eit kamera også...

Norsk Barneblad for glade og opplyste barn - på nynorsk!