Gjer du ulovlege ting på Internett?

Det er ulovleg å laste ned og kopiere musikk, filmar og spel med opphavsrett, frå Internett. Likevel veit berre annakvart barn dette. Visste DU det? Mange barn og unge trur at alt dei finn på Internett er til fri bruk, men slik er det jo ikkje. At du KAN laste ned ein song frå nettet betyr ikkje at det er GRATIS å gjere det. Norske barn gjer faktisk mykje ulovleg på nettet. Vi snakkar om tradisjonell hacking, om mobbing, dei lyg om andre, gamblar og slår ned folk for så å legge ut video av det. Ja 3 av 10 norsk barn trur det er lov å mobbe andre på nettet. Dette fortel Elisabeth Staksrud som er stipendiat ved Universitet i Oslo og som skriv doktorgrads-oppgåve om barn og unge i sosiale mediar.

Dei fleste unge veit heller ikkje at dei ikkje kan ta eit bilete av andre og legge det ut på nettet eller dele det med andre, utan å be om løyve først. Og er eit bilete først kome ut på nettet er det så godt som umulig å få det fjerna. Så eit "feil" foto på facebook kan forfølgje ein stakkar i årevis.

Mange mobbesaker startar på nettet og blir til straffbare handlingar ute på gata. I landet vårt er det no ei auke i straffesaker som er knytt til brot på lova om personvern og mobbesaker.

Dei fleste foreldre anar ikkje kva ungane deira driv med på nettet og ungane seier heller ingenting. 14 % av dei unge fortel at dei mobbar andre på nettet, men berre 1 % av foreldra trur at deira barn kan gjere noko slikt.

Norsk Barneblad for glade og opplyste barn - på nynorsk!