God haisommar!

hai spasertur
hai spasertur

Filmen ”Haisommer” gav mange av oss ein sterk redsel for haiar i badevatnet. Men kvart år er det berre mellom 50 og 75 menneske i heile verda som opplever angrep frå hai, og berre 8 til 12 av desse angrepa er dødelege. Nei, det er større fare for at vi døyr i ei bilulukke på veg til stranda eller av eit kvefsestikk når vi drikk saft under parasollen, eller av drukning om vi sym for langt ut. Og haiane rundt norskekysten har heilt andre interesser enn dei små tærne dine, så god sommar!

Men er du heldig, så kanskje du ser ein?

Ta haisjekken vår!

Her har du 15 påstandar. Kva trur du? Svara finn du lenger nede på sida.

1. Dei fleste haiar er farlege for folk.

2 Haien må rulle over på sida for å kunne bite deg!

3. Haien et heile tida.

4. Haien føretrekkjer menneskeblod...

5. Haien er altetande.

6. Kvalhaien er den største haien og den farlegaste.

7. Den store kvithaien lever langs dei fleste badestrender i sørlege strok.

8. Haien kan berre overleve i saltvatn.

9. Haien sym og bevegar seg svært fort heile tida.

10. Haien har hjerne som ei peanøtt og kan ikkje lærast opp til noko.

11. Haikjøt er giftig for menneske.

12. Haien må symje heile tida for å ”puste”.

13. Haien ser dårleg.

14. Haien er seigliva og difor vanskeleg å ta livet av.

15. Haien er ein ”søppelfisk” som et det andre ikkje vil ha.

16. Haien lever ikkje langs norskekysten.

Svar på haisjekken:

1. Feil. Det finst 350 ulike haiar, og 80 % av dei er heilt ufarlege for folk.

2. Feil. Haien kan bite byttet sitt akkurat slik det høver han best. Munnen er rørleg.

3. Feil. Haien et heller lite, og ofte ikkje meir enn 2 % av kroppsvekta si dagleg.

4. Feil. All forsking viser at han like gjerne vil ha fiskeblod som dyre- eller menneskeblod.

5. Feil. Haiar spesialiserer seg. Nokre et berre plankton, andre et berre fisk, og nokre et både dyr og fisk.

6. Feil. Kvalhaien er rett nok den største fisken i verda, men han et berre plankton. Difor namnet kvalhai etter dei andre store planktonetarane, nemleg kvalane. Kvalhaien blir 15 meter lang.

7. Feil. Den store kvithaien er sjeldan innom badestrender, og han likar best kjøligare vatn. I tillegg er han faktisk utryddingstruga i fleire delar av verda.

8. Oksehaien er slik laga at han kan overleve både i ferskvatn og saltvatn.

9. Feil. Enkelte haiar kan kome opp i 20 knop over korte avstandar, men dei fleste tutlar av garde i rundt 5 knop.

10. Feil. Haien har ein forholdsvis stor og kompleks hjerne. Haien kan lærast opp til litt av kvart.

11. Feil. Haikjøt er mange stader rekna som reine delikatessen.

12. Feil. Mange haiartar kan ”puste” når dei ligg heilt stille og kviler på sjøbotnen.

13. Feil. Haien har svært gode auge som ser sju til ti gonger betre enn menneskeauge. Fargesyn har han også.

14. Feil. Når ein hai blir fanga i eit nett eller på ein krok, blir han svært stressa og dermed også svak. Det er ikkje spesielt vanskeleg å ta livet av ein hai.

15. Feil. Haien er øvst på næringskjeda og forsyner seg først av maten.

16. Feil. Det finst 18 haitypar langs norskekysten. Dei vanlegaste er pigghå, brugde og håbrann. Ingen er særleg farlege for folk.

 Norsk Barneblad for dyreglade barn - på nynorsk!