Hai i fare!

Som oftast tenkjer vi nok at det er vi som er i fare, og ikkje haien. Men sanninga er meir innvikla enn som så. Mange haiartar, spesielt dei som lever på djupt hav, er i fare. Vi veit om 581 haiartar som lever i djupet, men vi har berre skikkeleg informasjon om 13 av dei. Det vi veit, er at dei er svært sårbare for overfiske, og at det blir færre og færre av dei. No må noko gjerast også for haiane. Men før noko kan gjerast, må vi jo vite kva vi skal gjere... og det veit vi for lite om enno. Ja, vi veit rett og slett ikkje heilt kva desse haiane driv med, langt der nede på havdjupet. No har marine forskarar nettopp begynt på den spennande jobben å kartleggje korleis og kvar nokre av desse haiane sym rundt i hava. Dei vil rett og slett finne ut kva haiane driv på med. Forskarane blei overraska då dei oppdaga at haiane hadde sine eigne ”motorvegar” og sine eigne ”kafear” djupt der nede. Haiane hadde faste ruter eller vegar dei brukte når dei forflytta seg over store avstandar. På turen hadde dei faste rasteplassar eller kafear der dei stoppa over kort eller lang tid og forsynte seg av mengder av fisk. Dette gledde forskarane stort. For eit slikt funn betyr at vi lettare veit kvar dei må få vere i fred, og kvar folk ikkje må få lov til å drive fiske på djupet. Slik kan vi kanskje hjelpe fleire av haiane til å overleve endå nokre år til.

Norsk Barneblad for dyrevennlege barn - på nynorsk!