Haifinnesuppe? Nei takk!

Mange typar hai er utrudningstruga. Men berre haien som heiter håbrann får vere litt i fred. Håbrannen lever også langs norskekysten og kan bli heile tre meter lang. I vår del av verda er håbrannen utrudningstruga og kan altså ikkje fiskast. Andre haitypar som står i akuttfare dersom ikkje noko blir gjort, er til dømes hammarhai, pigghå, kvitfinna hai og revlehai. Det er spesielt dei asiatiske landa som ikkje vil vere med på å sette grenser for fangsten av hai. I Asia veks middelklassen og fleire og fleire vil ha haifinnesuppe på middagsbordet sitt. Haifangsten er skikkeleg makaber. Fiskarane berre kappar av finnane til haien og slenger han, levande, ut i havet att. Der møter han ein vond og langsam dødskamp. Ein enkelt haifinne kan koste over 7 000 kroner. Ifølgje Greenpeace blir opptil 73 millionar hai fanga kvart år. Ekspertar seier at ein tredel av alle haiartane som lever i open sjø, truleg blir heilt borte i løpet av kort tid. Kjelde: CITE, SN

Norsk Barneblad for miljøvenlege barn - på nynorsk!