Har du ein gammal sykkel?

Fortvil ikkje, ein gammal sykkel kan bli den tøffaste Av Svanaug Steinnes

I staden for å kaste gamle syklar kan vi pusse dei opp. Det er koseleg om våren når vi tek ut syklane, vaskar dei med ein kassert oppvaskkost og ser over dekk og kjede. Med to boksar sykkellakk får du ein flott, ny kjøredoning av ein sykkel som kanhende er 40–50 år gammal, men like brukbar. Puss dei lakkerte flatene med fint sandpapir, få bort all rust, bruk eventuelt rustfjerningsmiddel saman med sandpapiret. Når alle flater er matte, vaskar du alt med varmt vatn tilsett nokre dropar oppvaskmiddel. Som du sikkert veit, må alle flater som skal målast, vere feittfrie, reine, matte og tørre. Når sykkelen er tørr, rører du rundt i lakkboksen og legg på tynne strøk med ein liten, flat pensel. Bruker du sprayboks, må du dekkje til alt som ikkje skal lakkerast, med gamle aviser. Når alt er tørt, kan du setje på maskeringstape i ulike mønster og lakkere over med ein annan farge, eller føre på lakken med ein svamp eller ei fille for å få ein ny effekt.

Har du gul botnfarge, kan du lage leopardmønster over med ein liten, rund pensel og svart eller brun lakk. Vil du ha ein sjiraffsykkel, teiknar du sjiraffmønster på ei papplate, skjer ut med hobbykniv og målar eller sprayar gjennom plata. Det same kan du gjere med sebramønster, kvit botnfarge og svart lakk. Bokstavar kan du også skjere ut i papp og bruke som sjablong. Kanhende rullebrettet og snøbrettet ditt vil ha ein omgang med same mønsteret? Det kan vere lurt å måle namnet ditt på. Med maskeringstape og fleire lakkrestar kan du lage flotte mønster. Innslag med sjølvlysande lakk gjer sykkelen din betre synleg i mørkret. Send inn foto av nymåla sykkel til NB-nettsida! Hugs å la sykkelen fylle heile biletflata når du tek biletet!

Norsk Barneblad for spreke barn - på nynorsk!