Heimelaga is på 1 - 2 - 3!

Kva er vel sommaren utan is? Her får du oppskrift på ein heimelaga is som både er rask å laga, og som smakar skikkeleg godt. Du kan variera med ulike frukt og bær og gjerne tilsetja vaniljesukker eller ekte vanilje. Fylgjer du oppskrifta under, vil du garantert få eit godt resultat. Du treng:

2 ss mandelflak

200 g frosne bringebær eller annan frosen frukt/bær

1 ss melis (toppa skei)

5 dl kremfløyte

ev. 10 bringebær til pynt, gjerne saman med nokre blad mynte.

 

 Slik gjer du:

  1. Varm ei tørr og rein steikjepanne på nesten full varme og rist/tørrsteik mandelflaka. Hugs å røra i panna slik at mandlane ikkje brenner seg. Dei skal berre bli gylne.
  2. Ha bæra og melisen i ei matmølle, ha i fløyten, start maskinen og la han gå på full styrke i ca. 15–20 sekund. Og vips, så har dei frosne bæra gjort kremfløyten til ein supergod iskrem!
  3. Ha iskremen i skåler. Pynt med mandlar, bær eller annan pynt.

Norsk Barneblad for sommarglade barn - på nynorsk!