Hund

Ulike rasar kan få barn Kan alle hundar av ulike rasar få kvelpar saman? Ja, teoretisk sett kan ein diger hannhund få barn saman med ein liten hohund og omvendt. I praksis er det nok likevel nokså vanskeleg å pare til dømes ein liten chihuahua med ein grand danois. Kvelpar av hundar av ulike rasar kallar vi blandingsrase. Tidlegare var det vanleg å kalle dei bastardar. Også hundar og ulvar og hundar og sjakalar kan få barn saman.

 

Kan ikkje bjeffe

Den afrikanske hunderasen basenji kan ikkje bjeffe. Alt for 5000 år sidan var han brukt som jakthund i Egypt. Frå tid til anna må ein jakthund vere stille, og difor passa han godt. Men sjølv om slike hundar ikkje kan bjeffe, kan dei lage mange andre lydar. Heller ikkje dingoen, ein australsk hund, kan bjeffe.

 

Oscar for hundar

Du veit sikkert at filmstjerner som er ekstra flinke, kan få Oscar-statuetten. Men det finst også ein pris for hundar og andre dyr som har vore med på spelefilmar. Den heiter Patsy, Picture Animal Top Star of the Year. Mange hundar har vore med på å spele inn Lassie-filmar, og dei to første fekk til saman åtte Patsy-statuettar. Den amerikanske presidenten Ford hadde faktisk ein hund som heitte Patsy. Han var svært populær og fekk mange brev.

 

Hundar får sove i senga

Mange kjende personar har gjeve hunden sin lov til å sove i senga. Den britiske statsministeren Winston Churchill hadde ein puddel som heitte Rufus Two, og den sov alltid ved fotenden av senga.

Den svenske krigarkongen Karl den tolvte hadde ein hund som heitte Pompe, og den fekk òg lov til å sove i senga til kongen. Det var sikkert godt og varmt, for kongen budde ofte både i telt og på slott der det var kaldt om vinteren.

Den kjende filmstjerna Doris Day fann ein puddel som budde på gata i Hollywood. Ho tok han med seg heim, og kalla han El Tigre de Sassafrass. Fyrst var hunden så redd at han budde under senga, men snart flytta han opp i senga, der han budde resten av livet. Også filmstjerna Grace Kelly, som gifta seg med prins Rainer av Monaco, hadde ein puddel som fekk sove i senga hennar. Han heitte Oliver og flytta med til Monaco, der han levde i ni år til.

 Kan verken sjå, høyre eller logre

Hundekvelpar kan verken sjå eller høyre når dei blir fødde. Det tek om lag ei veke før dei får hørsel, og først den andre veka opnar dei auga. Kvelpar lograr heller ikkje når dei er heilt unge. Men innan 30 dagar lograr halvparten av dei, og når dei er 50 dagar gamle, lograr nesten alle hundar. 

Tekst av Gard Espeland og teikning av Trond Rømo

Norsk Barneblad for dyreglade barn - på nynorsk!