Hus av jord, ølboksar og gamle bildekk!

I det tørre landskapet I New Mexico, USA, finn vi ein heil liten by som er bygd av jord, ølboksar og gamle bildekk. Desse husa blir kalla jord-skip eller earth ships på engelsk. Michael Reynolds heiter mannen som står bak dette som han kallar "The Greater World Community". Reynolds meinar at dette er framtida. Hus som er bygde av det vi kallar søppel.  Han er utdanna arkitekt, men meinar at arkitektar i dag tenker for lite på miljøvennlege hus. Skal verda klare seg må ein tenke heilt nytt og bruke av søppelberget som finst i verda i dag. Vi må lære av naturen. I staden for å bruke materialar som forureinar kan vi heller bruke det som allereie finst, som jord, ølboksar og gamle bildekk. Eller leite mellom alt det andre anna som kan resirkulerast og brukast på nytt. Det finst ikkje søppel - berre ting som kan brukast annleis og på nytt! I fjor var Michael Reynolds i Noreg og heldt kurs for studentane ved Bergen Arkitektskole. Han fortel at folk tvilte på om denne søppelbyggemåten kunne vere bra nok i eit kaldt land som vårt. Saman med studentane bygde han eit opphaldsrom etter jord-skip-metoden. Romet blei isolert med pappkassar frå nærbutikkane, med gamle dører, vindauge og plankar frå søppelfyllinga. Reynolds meinar at dette romet er det mest behagelege på heile arkitektskolen. Rektor for Bergen Arkitektskole, Marianne Skjulhaug, vil halde fram samarbeidet med Reynolds. Ho meinar at dette arbeidet er viktig og at ideane til Reynolds er interessante.

Så kanskje kan du i framtida velje om du vil bo i eit vanleg hus eller i eit jord-skip?

Kjelde: Dagbladet

Norsk Barneblad for glade og opplyste barn - på nynorsk!