Ikkje alltid slik vi trur det er!

Det er ikkje alltid slik vi trur det er. Vi trur til dømes at giftige slangar og fugl som ligg på reir og klekkjer ut sine søte små, ikkje passar så godt saman. Ja, vi trur at giftige slangar på ei nesten aud øy vil hive seg over både dei vaksne og dei små fuglane og ete dei i ein heil jafs. Men slik er det ikkje alltid. På ei bitte lita øy utanfor kysten av Florida bur det haugevis av giftige slangar. Ja, det finst ein slange eller to på kvar ein meter av den vesle aude øya, som nesten ikkje har buskar eller tre. Ingen andre landdyr, anna enn nokre rotter, bur her, fordi det omtrent ikkje finst mat, og det finst slettes ikkje ferskvatn.

Så kva gjer at slangane trivst så godt her? Jau, tusentals sjøfuglar held til her i klekkjesesongen. Det finst andre øyar i nærleiken utan giftige slangar, men likevel føretrekkjer sjøfuglane denne vesle øya som heiter Seahorse Key. Eit forskarteam lurte litt på kva som eigentleg føregår på denne øya. Kvifor held sjøfuglane til her i klekkesesongen? Er det ikkje veldig farleg for dei då? Korleis kan det leve så mange giftige slangar her utan tilgang til ferskvatn? Og kva et alle desse slangane?

 

Svaret var overraskande for forskarane.

Fuglane har god tilgang på fisk i sjøen rundt øya. Dei gulpar opp fisk til ungane sine i eitt sett. Ungane et alt dei orkar, men likevel blir det massevis av oppgulpa fisk til overs. Denne fisken et slangane og kosar seg verre. Oppgulpa fisk inneheld alt av næring som dei giftige slangane treng. Dei stakkars rottene som prøver å overleve her, blir ofte etne av slangane. Og slik blir det aldri for mange rotter på øya. Forskarane trur at slangane instinktivt vil hindre rottene i å øydeleggje for fuglane, som trass alt er dei som kjem med mat til slangane.

Sjølv når dei små fuglane ramlar utor reiret og hamnar rett framfor nasen på ein slange, et han dei ikkje. Det er pussig. Forskarane trur dei har oppdaga eit strålande samarbeid mellom to artar ein slettes ikkje trudde det om, fugl og slange. Så lenge fuglane gulpar opp nok fisk til at slangane også er mette, sørgjer slangane for at ingen andre dyr trugar fugleungane. Slik er det ein vinn-vinn-situasjon for begge partar. Så det er altså ikkje utan grunn at sjøfuglane føretrekkjer denne aude øya full av slangar framfor ei slangefri naboøy.

Og for ordens skuld, illustrasjonsfoto syner ein norsk hoggorm som ikkje finst i Florida.

Norsk Barneblad for nysgjerrige barn - på nynorsk!