Ikkje drep småfuglane!

Kast aldri tyggegummien din ute på gata eller i naturen! Han kan ta livet av småfuglane. Vinterstid er småfuglane på stadig leit etter mat. Lukta frå tyggegummien gjer at dei trur at dei har funne ein godbit. Men sanninga er at dei har funne ei dødsfelle. Så snart fuglane får tyggegummi i nebbet sitt går det galt. Tyggegummien limer ihop nebbet. Fuglen har ingen måte å få losna det på. Med ihoplimt nebb blir det ikkje verken vått eller tørt på vesle fuglen. Det tek ikkje lang tid før fuglen har svolte ihel. Så difor,  kast aldri tyggegummi i naturen!

Norsk Barneblad for dyreglade barn - på nynorsk!