Ikkje velkomne her i landet!

Mange planter, dyr og insekt kjem til landet vårt og er slettes ikkje velkomne her. Dei fleste av oss blir glade når det kjem ei lita marihøne og slår seg ned på oss. Då kan vi ønskje oss noko og sjå ho flyge vidare i sommardagen. Men no om dagen er det ikkje alle marihøner vi bør la flyge vidare. Kjem det ei gul marihøne med svarte prikkar, eller motsett, ei svart marihøne med gule prikkar, er det berre å slå ho i hel. Ojsan! Då er det nemleg ei harlekin-marihøne vi har møtt. Desse marihønene formeirar seg raskt og er ein trussel mot både andre marihøner og insekt vi har bruk for. Harlekin-marihønene kjem ofte i store flokkar, og når vinteren kjem, søkjer dei ly i husa våre og spreier vond lukt. Dei trugar faktisk mange artar av insekt vi treng her i landet. Det er berre sju år sidan vi oppdaga dei første harlekin-marihønene her i landet, og no har dei spreidd seg over store delar vårt lange land. Og iberiasnigelen kjenner du nok. I 1988 kom han som blindpassasjer saman med nokre planter frå heimlandet sitt, Spania. Iberiasnigelen trivst så godt her i landet at vi veit rett og slett ikkje korleis vi skal bli kvitt han.

Villsvinet er på veg inn i norske skogar. I Sverige seier dei at dei har 80 000 villsvin, og villsvinjakta er snart like stor som elgjakta. Det svenske villsvinet stammar frå tamdyr som rømde rundt 1980.

Planter er heller ikkje ufarlege for norsk natur. Du har sikkert sett dei vakre og fargeglade lupinane som står i både hagar og langs vegkantar. Ser du nøye etter, så veks det faktisk ikkje noko anna der lupinane står. Lupinen tek livet av alle andre vekstar fordi han endrar nitrogen-innhaldet i jorda rundt seg. Ikkje så bra, nei, så no er det forbode å setje ut lupinar langs norske vegar. Den fine rynkerosa er ei anna plante vegvesenet har sett ut i tusental langs norske veger. No er også det forbode. Rynkerosa trivst svært så godt langs heile norskekysten og spreier seg altfor fort og tvingar vekk andre planter som naturleg høyrer heime her. Kanskje kjenner du til platanlønn også. Eit flott tre som var populært i hagane på Vestlandet. No har mange platanlønner funne vegen ut av hagen og inn i skogane og fortrengjer skogstrea som har vakse der i mange hundre år. Dette er jo heller ikkje så bra.

Om du vil vite meir om dette, kan du sjå på www.artsdatabanken.no

Norsk Barneblad for blomsterbarn - på nynorsk!