Isfossen og vårblomen av Rasmus Løland

Våren nærma seg, og sola skein varmare for kvar dag. Nede på alle bøane og slettene låg det enno tjukt med snø, men oppi fjella og bakkane tok han til å minka. Først var det berre ei lita stripe med berr mark tett under fjellveggene og under hamrar og store steinar. Men det var ikkje lenge før dei auka og flytte seg nedetter, og når sola skein på det beste midt på dagen, losnaisfossaneoppi fjella og rasa ned så det dundraetter. Før ein heilt visste ordet av det, var alle bakkane og urene snøfrie, det låg berre att ei lita fonn her og der. Då var ikkje gutane seine om å koma seg av stad opp i urene om dagane så ofte dei hadde tid. Det var alt så varmt der oppe, og det stod ei levande og god vårlukt av jorda, og av mose og fjorgammalt lauv. Detvarsomom sjølve trea lukta,endå dei ikkje hadde fått knopparenno. På hasselen tok raklanealt til å gulna, selja stod der med små grøngule gåsungar i toppane, og i bjørkene oppetter fjella tok safta til å stiga opp. Når dei bora eit hol inn i borken og veden, draup det utei klar væske, som var søt og god å smaka på. Dei kalla det bjørkesaft. Så tappa deibjørkesaftkvar dag og samla på små flasker. Og når det tok til å verta varmt på steinane, vågde dei seg alt til å gå berrføtte ei lita stund.

Men ein stad der oppe hadde solaenno ikkje fått overtaket påvinteren. Det var oppi fossen der storbekken rann utfor. Fossen stupte først frå høgda og ned i ei stor kløftmidt i fjellet, og så derifrå og ned i ura nedunder. Det hadde laga seg store, digre isfossar i vinter. No hadde iseni den nedste fossen rasa ned og vorte bortefor ei god tid sidan liksom i alle andre fossar. Men i den øvste stod enno ein svær stett med is heilt frå kløftaog opp til øvste fjellkanten. Dei hadde berre venta frå dag til dag at han skulle ramla, den òg, så det kunne verta eit dugeleg ras av det. Men nei, han vart ståande der som han slett ikkje ville tina i år. Ingen ting beit på han, anten det så var sol eller regn. Han stod der berre som ein kjempesvær kar i prestekjole og blenkte mot det svarte fjellet.

Dei tykte sistpå dei måtte opp og sjå korleis det hadde seg med denne fossen. Så fann dei seg kvar sin lange stav til å slå og støyta i isen med,og i veg bar det.

Hadde isfossen sett diger ut då dei stod heime, så var det ingen ting mot då dei kom opp til han. Fjellet var innholt bak han, så han stod eit heilt stykke utifrå det, og han var så fælandestor og høg og tjukk. Men han var nok ikkje så sterk som han såg ut til, likevel, fordå dei skulle til å sjå, så fossa bekken ned inni han og hadde ete han reint hol. Det var berre som eit skal att av han. Dei vågde først slett ikkje å gå borttilhan, han kunne vera truande til å detta ned kva tid som helst. Dei berre kasta stein på han og ville sjå om han ikkje skulle ramla. Nei, det hadde ingen verknad på han, det berre dundra.

«Å, han er nok ikkje så klein som han ser ut til endå, den karen,» sa han Gunnar, og til slutt vågde han og Pål seg bort i kløftaog støytte og slo på isfossen med stavane. Men det gjorde ikkje heller nokoavseg. Då vågde dei to minste òg å gå bort tilhan, og så gjekk dei rundt og såg godt på han på alle kantar. Påøvre sida var der ei stor opning så ein kunne gå beint inn i han, men der var slikt ròk og drivmed vatn innanfor sådet var uråd å koma der.

Så måtte dei til slutt gå att og la isfossen stå som han var. Men då dei rusla nedetter vegen, undrast dei på om det likevel ikkje skulle vera råd å få han til å ramla. Når dei no hadde øksar med og hogg eit stort hakkinn i han på nedre sida og sette eidugelegbrekkstonginn i ein sprekk på øvre sida og braut på? Så morosamt det skulle vera å sjå han ramla utfor og slå seg i tusen filler!

Dei kunne ikkje få det or tankane heile kvelden eller om morgonen etterpå. Det kunne vera farleg, det visste dei nok, og dei vaksne ville nok aldri sleppa dei i veg på slikt. Men dei var då ikkje dummare enn at dei kunne sjå seg føre og rømma unna når det galdt. Dei hadde vågd det som verre var, dei. – Det var ikkje lenge før dei fann seg to øksar og ein lang kjeppog lurte seg av stad.

Han stod der like svær i dag òg, iskallen, og denne gongen fekk dei sjå han endå betre. For bekken var liten så tidleg på dagen før snøen tok til å tina. Det sikla berre ein liten sprut med vatn ned inni isen. Så kunne deigå likeinn i det hole rommet. Det var som å koma inn i eit underleg høgt tårn med sølvblanke vegger. På den sida som vendemot sola, skein deti isen, og det draup og sikla og tiklaalle stader. Det var som ein skulle høyra det tikka frå ei mengd med klokker som ein ikkje såg. Så underleg eit hus hadde dei ikkje vore i sidan jula då dei vari kvitebjørnen.

Men så var det korleis dei skulle få han ned. Dei såg godt etter på andre sida og fann snart staden der dei trudde hogginga ville gjera mest av seg, og på øvre sida var det lett å finna ei rivne til å setja brekkstongai. Så tok Pål og Gunnar til å hogga i isenså det fauk etter.

Dei hadde ikkje halde på lenge før dei kjende seg utrygge og gjekk opp på øvre sida. Der stod dei to minste og venta, og så gav dei seg til å bryta med brekkstonga. Men isfossen stod like fast enno, og det same gjorde han sidan kvar gong dei var oppe og braut. Det verken knirka eller skalvi han. Då gløymde dei sistpå reint å vera varsame. Dei vart arge på denne vriompeisensom aldri kunne gi seg, og dreiv på og hogg så dei sveitta, og rett som det var, slo dei med øksehamraneoppetter isveggen. Då kom det med eitt eit underleg drønn, liksom noko brast, dei kunne ikkje retthøyra kva det var. Dei stokk så dei bleikna og spratt opp på øvre sida. Isfossen såg ut som han stod like stø enno, men det var likevel som dei kjende på seg at han ikkje hadde lenge attno. Dei hengde seg i stonga att og braut alle på ein gong. «Hå-li, håli-opp!» – dei song som dei vaksne når dei drog stokkar. Ennostod han, men medan dei stod og glante på dette, kom det ein ny smell, endå hardare enn den første. Då vart dei så redde at dei sprang langt unna og visste lenge ikkje om dei skulle våga å bryta meir. Men det var då altfor leitt å gå ifrå han no då dei hadde kome så langt. Dei stiltra seg bortatt og tok til å dra i brekkstonga. Då gjekk det som ein støyt gjennom heile den svære iskroppen, det knaka og smallog ramla ned isstykke inni han. Hu ... røm! Dei flaug på hender og føter bortetter berget, og vel var detat dei var så snare, for då dei såg seg attende, seig heile fossen i hop hitover, og gjekk i knas i berget, og så kom det eit himmelsk ras med isstykke utover stupet under, det dundra verre enn eit torebrak. Dei stod berre og blåheldt seg i buskane og heldt pustenogsansaseg mest ikkjeder dei stod. Slikt syn hadde dei aldri sett før. Det var så dei skalv lenge etterpå.

Då det endeleg var stilna av att, såg dei det stod folk uti tunet heime og glante hit opp. Dei hadde vel høyrt braket. Dei skjøna kva slags skjennepreiker det no ville verta dersom dei vaksne såg dei her, men som vel var, låg dei godt gøymde i buskene, og dei vart liggjande stille som kattar til dei såg atdei der nede gjekk inn att. Så fann dei øksane og kom seg nedetter kløfteneog ville sjå korleis det såg ut under fossen.

Det såg fælt ut. Det var slått greiner av trea rundt på alle kantar, og der låg isstykke att som digre steinar nedover i urene, men det meste av isfossenhadde slått seg i knas så det såg ut mest som blaut snø.

Først no, då redsla og spenninga var over, skjøna dei heiltkva slag storverk og vågestykkedei hadde gjort. Dei stirte oppetter fjellet og skjøna mest ikkje at dei hadde vågd det. Men no var det gjort, og det var plent som dei hadde hjelpt våren til å vinna over vinteren i eit stort knipetak. No vart det nok snart vatn av heile slapset, og det var borte om eit par dagar. Og fossen rann no ned i lause lufta som han alltid gjorde om somrane.

Dei vart sitjande på isstykka ei lang stund og prata og skrytte og kjende seg mykje til karar. Så rusla dei ut under fjelldragetog leita etter sneglehus og fine steinar og kva som kunne finnast. Kolbein og Andres gjekk for seg sjølve bort under ein lutande hammar, og brått tok dei til å ropa på dei to andre. Pål og Gunnar vart mest skremde og trudde det var ein orm dei såg. Dei visste han var tidleg ute om våren oppi solbakkane. Men då dei kom fram, var det eit heilt anna vårteikndei fekk sjå. Tenk, det stod ein utsprungen kvitveis i mosen tett innunder berget ... skinande kvit som ei lita stjerne, og tindrandegul inni. Og rundt omkring stod det nokre knoppar som snart ville springa ut. Det var første vårblomen og det første visse vårteiknet. Dei låg på kne og stirte og vågde mest ikkje koma nær han. Denne blomen måtte ingen riva opp, og han skulle få bløma fritt her i solveggen sin til dei andre kvitveisane kom etter.

Det var som vår i heile lufta då dei såg seg rundt etterpå. Sola stod nett på det høgste om dagen, og lufta dirra som av vår over snøen på bøane og over husa, over alle skogar og marker utanfor og over fjorden og fjella på andre sida. Dei kjende seg så underleg glade og opplyfte, det var som dei vart lettareder dei stod og såg utover. Vinteren kunne vera bra nok, men så god som våren når han kom med knoppog lauv og gras og blom ... nei, nei, ingen ting var som våren, så gild og lys og levande. Han var den beste av alle årstider.

Norsk Barneblad for leseglade barn - på nynorsk!

Foto av Willy Haraldsen