Iskrem-historie

Det er ikkje berre i våre dagar at folk kosar seg med iskrem når dei skal unna seg noko godt. Mange meiner at kinesarane kjende til kunsten å laga isliknande dessertar lenge før vår tidsrekning. Også grekarane og romarane lærte tidleg å avkjøla seg med lekre, kalde dessertar. Vi kan lesa at italienarane hadde is til dessert i seinmellomalderen. Men på den tida var is berre ein fornem rett for velståande rikfolk.

Fyrstinna Catharina av Medici tok med seg den eksklusive skikken til det franske hoffet då  ho gifta seg med den franske kongen Henrik II. Det blei ein kjempesuksess, og utover på 1600-talet kunne også vanlege franskmenn få kjøpa iskrem på iskafear som opna rundt om i byane. Etter kvart førte franskmennene skikken vidare til England.

 Frå Europa spreidde kunsten å framstilla iskrem seg til Noreg og dei andre nordiske landa. I byrjinga av 1900-talet kunne nordmenn få kjøpa heimelaga is på konditori i dei største byane, men fart på iskrem-produksjonen blei det først i slutten av 1920-åra då norske og danske meieri tok til å laga iskrem. 

Norsk Barneblad for iskrem-elskande barn - på nynorsk!