Juleleikar for store og små

Tampen brenn

Dei som er med på leiken, finn ein ting som skal vere skatten. Ein av gjestene forlet rommet. I mellomtida gøymer dei andre gjestene tingen i rommet. Er tingen gøymd høgt oppe, er han fugl, er han gøymd nede mot golvet, er han fisk. Så blir gjesten bedd om å kome inn att, og han eller ho kan setje i gang med å leite. Han eller ho kan spørje om skatten er fugl eller fisk. Etter kvart som ho eller han går gjennom rommet på jakt etter skatten, kjem dei andre gjestene med oppmuntrande tilrop når gøymestaden nærmar seg. Då ropar ein ”tampen brenn”, og ein ropar sterkare og sterkare dess nærmare gjesten kjem skatten. Og når gjesten så har funne skatten, kan han eller ho få ein liten premie og få lov til å bestemme kven som skal leite neste gong.  

 

Hugseleiken

Ein person må leie denne leiken. Denne personen finn fram til ti ulike småting som han eller ho legg på eit tomt bord og dekkjer til med eit laken eller ein duk. Så kan alle som skal vere med, kome inn i rommet. Leiaren for leiken tek av lakenet eller duken, og alle får lov til å sjå på bordet i tretti sekund. Så blir bordet dekt til att. No har alle fem minutt på seg til å skrive ned dei ti tinga som låg på bordet. Han eller ho som hugsa alle eller flest, har vunne. Det går også å konkurrere i lag, men då må det kan hende liggje fleire ting på bordet.

 

Blyanten i flaska

Du treng to blyantar, eit par meter hyssing og to brusflasker av glas. To personar får ein hyssingstump med ein blyant i enden, festa til beltet bak på ryggen sin. No heng blyanten i hyssingstumpen som ein hale på personen, omtrent i knehøgd. Framfor kvar av dei to står ei tom brusflaske på golvet. Dei to skal no konkurrere om kven av dei som raskast kan træ blyanten ned i flaska utan å bruke hendene eller andre hjelpemiddel.  

 

Reisa til Amerika

Alle sit i ein ring på golvet slik at alle kan sjå alle. Du som leier leiken, startar med å seie: ”Eg reiser til Amerika med ein gullring og slepp inn.” Du har då forsikra deg om at han eller ho som sit ved sida av deg, faktisk har ein gullring. Eigaren av gullringen er neste person ut. ”Eg reiser til Amerika med …” Dei fleste som ikkje kan leiken frå før av, vel seg ting i hytt og ver, og ikkje noko som sidemannen til venstre har på seg. Du nektar dei å kome inn i Amerika, og dei må prøve seg på ny neste gong det er deira tur til ”å reise”. Leiken blir artigare og artigare etter kvart som fleire og fleire skjønar poenget, medan nokre er heilt utanfor. Det er viktig at ingen avslører poenget undervegs. Alle er med heilt til slutt. På den måten er det ein sjanse for at alle til slutt har fått med seg poenget.

Norsk Barneblad for leikelystne barn - på nynorsk!