Julesong midt på sommaren

Av Olav Norheim  

Det er ein varm sommardag i Sunnfjord for 82 år sidan. Sola steikjer og sveitten silar. Ein ung mann på 25 år sit og stressar og skriv – ein julesong! Det hastar, sjølv om det er midt på sommaren.

 Mannen heiter Jakob Sande, og seinare skal han bli ein kjend diktar. Men den gongen er han ikkje så kjend. Likevel er han litt kjend fordi han har skrive dikt i avisa.

Dårleg dikt?

Sommaren 1931 skulle Jakob Sande skrive eit dikt til eit julehefte som heiter Jul i Sunnfjord. Det var jo ikkje lett å tenkje på jula midt på sommaren, og det var heller ikkje lett å skrive når det var så varmt. Men han fekk då til noko, sjølv om han ikkje var fornøgd. Dårleg dikt, tenkte han, der han sat og skreiv heime i Dale. Men han hadde lova å skrive, så då gjorde han det.

 Til jul stod diktet på trykk i juleheftet. ”Julekveld” heitte diktet, og det var eit juledikt som begynte slik: ”Det lyser i stille grender av tindrande ljos i kveld, og tusene barnehender mot himmelen ljosa held”.

Høyrt det før?

Kanskje du har høyrt det før? For diktet vart ein kjend julesong etter nokre år. Og det er mange som syng songen i jula, på skolen og heime og i kyrkja.

Men Jakob Sande, han gløymde heile diktet ganske fort. For når du skriv mange dikt, hugsar du nok ikkje alle. Så var det ein lærar i Bergen som var glad i song og musikk. Lars Søraas heitte han. Han gav ut songbøker og dirigerte songkor. Han hadde oppdaga julesongen som Jakob Sande hadde skrive. Kanskje var det i Norsk Barneblad han såg songen, for han vart trykt der ein gong også. Men songen hadde ingen melodi. Lars Søraas laga ein melodi. Så ringte han t til Jakob Sande i Oslo og fortalde at han laga tone til diktet hans som heitte ”Julekveld”. Eg har ikkje laga noko dikt som heiter Julekveld, svara Jakob Sande. Han hadde gløymt heile diktet. Men då Lars Søraas begynte å lese opp diktet for han i telefonen, kjende han det att.

Julesongen

Diktet og tonen kom på trykk i songboka i 1948, mange år etter at Jakob Sande skreiv julediktet. No var julediktet vorte til ein julesong. For no kunne diktet syngjast.

 Likevel meinte Jakob Sande at diktet ikkje var så fint som det burde vere. Og han strauk siste verset, for det var ikkje bra nok. Så Jakob Sande ville berre ha med fire av dei fem versa. Og det er dei fire første som er dei meste kjende.

Fint og stygt

Jakob Sande var nok likevel glad for at folk likte julesongen om Jesusbarnet som låg med høy til pute. For det var mange som var sinte på han fordi han vitsa både med Gud og Djevelen, og han skreiv stygge dikt om døden og daudingar. Han gjorde narr av strenge folk som støtt skulle ha rett og som var så nøye på alt. Han brukte både banning og bibelsk språk når han skreiv. Han skreiv eit fint dikt om ein liten gut som spelar på fløyte. Så skreiv han eit morosamt dikt om gåsa og katten og hanen som ville ut i verda.

 Nokre av orda i julesongen kan verke ukjende for folk i dag. Ein vesal stall betyr ein fattigsleg stall. Ei ring seng betyr ei dårleg seng. Men det er 75 år sidan songen vart laga. Og då var dette vanlege ord som folk kjende, både i Sunnfjord og andre stader. Det var ekstra stas at ein diktar brukte slike vanlege ord som folk bruke sjølve.

Best på hytta

Jakob Sande (1906-1967) var lektor på gymnaset, altså vidaregåande skole. Det var han i mange år, først i Fredrikstad og så i Oslo. Det likte han berre slik passe. Han likte seg best når han kunne vere saman med gode vener på hytta si i Fjaler i Sunnfjord, å ete godt og drikke godt og spele lutt og synge viser – men kanskje ikkje julesongar midt på sommaren, i juli. Men kanskje i jula?

 

Jakob Sande "Det lyser i stille grender"

Det lyser i stille grender

av tindrande ljos i kveld,

og tusene barnehender

mot himmelen ljosa held.

Og glade med song dei helsar

sin broder i himmelhall,

som kom og vart heimsens Frelsar

som barn i ein vesal stall.

Der låg han med høy til pute

og gret på si ringe seng,

mens englane song der ute

på Betlehems aude eng.

Der song dei for første gongen

ved natt over Davids by

den evige himmelsongen

som alltid er ung og ny,

den songen som atter tonar

med jubel kvar julenatt

om barnet, Guds son, vår sonar

som døden for evig batt.

Norsk Barneblad for juleglade barn - på nynorsk!