Julestjerna

Ei av dei mest populære juleplantene våre er julestjerna. Ho blei vanleg her i landet på slutten av femtitalet. Julestjerna kjem frå Mexico. Det er inga ny plante. Vi veit at aztekarane dyrka julestjerner. Slik steller du julestjerna di:

Pass på at julestjerna blir godt pakka inn når du kjøper ho. Ho toler ikkje frost.

Temperaturen i stova skal vere mellom 18 og 22 grader.

Jorda skal vere fuktig heile tida, men ikkje vatne ho for mykje.

Planta liker seg helst der ho får ein del dagslys

Ho liker ikkje trekk, då kan ho miste blada sine.

 

Forteljinga om julestjerna

Det var ein gong ei snill lita mexicansk jente som heitte Pepita. Ho var kristen og gjekk dagleg til messe i kyrkja. Julaftan ville ho så gjerne gje Jesusbarnet ei gåve. Men ho var så fattig at ho berre kunne plukke med seg nokre stakkarslege små villblomar frå eit jorde. Desse sette ho i hop til ein liten pjuskete bukett som ho la framfor biletet av Jesusbarnet.

Men den vesle pjuskete buketten blei gitt i gåve av eit reint hjarte og i stor kjærleik. Så då Pepita la buketten ned framfor Jesusbarnet, blei dei pjuskete blomane brått omskapte til strålande raude, stjerneforma bladrosettar.

Og sidan den gongen har alle mexicanarane kalla julestjerna for ”Den heilage natts blome”.

 Norsk Barneblad for juleglade-barn - på nynorsk!

JulNanabarn, jul, Norsk Barneblad, nynorsk