Juletida er farleg for kjæledyra våre

feite kvelpar

All den gode maten og alt godteriet kan øydeleggje helsa til kjæledyra våre. Du veit sikkert godt at hundar og kattar ikkje skal ete salt pinnekjøt og feit ribbe. Men at mørk sjokolade kan ta livet av både hund og katt, og at julebaksten kan vere giftig for dyr, det visste du kan hende ikkje. Opne konfektøskjer og freistande kakefat og anna snadder er vanskeleg å motstå for ein hund eller katt. Så pass godt på kva som står framme på borda når dyra er åleine. I jula skjer det ofte mykje i huset, med besøk og gode måltid, og gode vanar blir gjerne endra i denne perioden.

Gløym heller ikkje at julepapir, innpakningsband og levande ljos er farleg for husdyra våre.

Seks tips for ei trygg jul for kattar og hundar

  1. På julekvelden passar du på innpakningspapiret og innpakningsbanda. Pakk det bort så snart utpakkinga er over.
  2. Ikkje gje hunden eller katten salt pinnekjøt eller feit ribbe.
  3. Unngå sjokolade. Berre 140 gram mørk sjokolade er nok til å ta livet av ein hund på 25 kilo. Så alvorleg er det.
  4. Pass godt på julekakene. Gjærdeig kan sprenge på i magesekken og gje skikkeleg mageknip. Det kan også føre til alkoholforgifting. Gjær er ikkje bra for dyremagar.
  5. Pass på juledekorasjonar med planta julestjerne i. Julestjerna er nemleg giftig, og mange andre blomeslag vi nyttar i jula, er også giftige. Hald dyra unna!
  6. Levande ljos, opne peisar og varme gryter er sjølvsagt farleg. Kvart år er det mange kattar og hundar som kjem til veterinæren med brannskadar. Tynne leidningar med juleljos er freistande å tyggje på for små kattar og kvelpar. Pass på!

Norsk Barneblad for glade og opplyste barn - på nynorsk!