Kaffi er ikkje italiensk...

Truleg heiter drikken kaffi etter regionen Kaffa i Etiopia der det er vanleg å dyrke kaffiplanter. Kaffi blir laga av frukten frå kaffiplantene. Både blada og fruktkjøtet blir fjerna og steinen i midten av blomen blir tørka og blir slik til ei kaffibønne. Kaffibønna blir brent og malt opp til kaffi. I 1647 kom det første kaffihuset til Venezia, men då hadde dei drukke kaffi i Midtausten i lange tider. Kaffi blei fort svært populært og i 1715 var det meir enn 3000 kaffihus i London. Og i dag er det jo kafear overalt, både her i landet og ja overalt i verda. Lenge trudde folk at kaffi var medisin mot alle slags plager, men i dag drikk vi helst kaffi fordi det er godt og føles oppkvikkande. Og den dag i dag blir stoffet koffein frå kaffien blir tilsett smertestillande tablettar for å auke effekten. Norsk Barneblad - for nysgjerrige barn - på nynorsk!